Kunngjeringar

Skip Navigation Links(Hjem) > Lokalsamfunn med MOT > Lokalsamfunn med MOT

Trafikksikring Toftøy skule - kunngjering av vedteken detaljregulering

Utval for drift og samfunnsutvikling vedtok i møte 12.09.2019, sak 097/19, å godkjenne mindre endring av reguleringsplan for Toftøy (planID 20000002). Ny plan skal gjelde som eigen detaljregulering trafikksikring Toftøy skule, planID 20190004.

Intensjonen bak planarbeidet har vore å få til betre trafikkavvikling og trafikktryggleik kring Toftøy skule. Detaljreguleringsplanen har endra eit formål innanfor planområdet frå bustad til samferdsleanlegg og infrastruktur. Sentralt i prosessen har vore å oppdatere reguleringsplanen etter gjeldande plan- og bygningslov (2008) og dagens føringar frå kommune, fylke og stat.

Detaljregulering for trafikksikring Toftøy skule, planID 20190004 gjeld no vidare som eigen plan med eige plankart, føresegn og planskildring.

Vedtak om mindre endring av reguleringsplan blir med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.

Den ovannemnde saka er behandla med følgjande vedtak:

Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) 12.09.2019 - saksnr. 097/19:

  1. Utval for drift og samfunnsutvikling vedtek detaljregulering for trafikksikring Toftøy skule, planID 20190004 med tilhøyrande reguleringsføresegner etter plan- og bygningslova § 12-12. Som del av reguleringsplanen er følgjande juridiske dokument:
    • plankart i målestokk 1:500 (A1), datert 04.09.19
    • reguleringsføresegner, datert 05.09.19.
    • planskildring, datert 01.04.19., sist revidert 04.09.19
  2. Mindre endring for delar av reguleringsplan Toftøy, planID 20000002, vedteken 01.11.2000, skal gjelde som ny detaljregulering for Trafikksikring Toftøy skule, planID 20190004.


Dokument

Gnr/bnr 35/32 m.fl saksframlegg med endeleg vedtak
Plankart i målestokk 1:500 (A1)
Illustrasjonsplan
Føresegner
Planskildring
Fråsegn offentleg ettersyn
Trafikksikring Toftøy skule - mindre reguleringsendring - Saksframlegg


De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Vedtaket kan påklagast etter plan- og bygningslova § 12-12 jf. § 1-9 og forvaltningslova kap. VI. Klagefrist er sett til 18. november 2019.

Me takkar for bidrag i planprosessen.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må sendast Øygarden kommune innan 3 år etter at reguleringsvedtaket er kunngjort (jf. Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3).

 

Utsnitt av plankart datert 04.09.19. - Klikk for stort bileteUtsnitt av plankart datert 04.09.19.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 18.09.2019
Fann du det du leita etter?
Tilbake

Kontaktinformasjon

Øygarden kommune
Øygarden rådhus Ternholmvegen 2
5337 Rong
E-post : postmottak@oygarden.kommune.no
Telefon
: 56 38 20 00

Faks
: 56 38 22 31
Org.nr.
: 938 766 223
Kontonr.
: 1503.23.43969
Kommunenr.
: 1259
Opningstid
: Kl. 0800-1530

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Øygarden kommune E-post til Øygarden kommune      Ternholmvegen 2, Rong      Telefon 56 38 20 00
Login for redigering